Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







SENSASJONELT: - 40 graders skilnad ute og inne fredag morgon, skriv yr.no i føremiddag


Bærum, 21.12.12: - I morgontimane fredag hadde Veitastrond heile 19,8 minusgrader, og hjå John Molland var det knappe 20,5 grader innandørs, melder "yr.no" i ett stort oppslag fredag.
Som overskifta tyder på, var det ein skilnad på 40 grader nett der!


Det er Norsk rikskringkasting og Meteorologisk institutt sin vidfamnande vêr-portal, yr.no, som melder dette i eit illustrert oppslag fredag.
Vêr og vind (som nettstaden vår difor heiter på yr.no sin normalspråkform) tykkjer at dette er sers verdefull og so høgst sensasjonell vêrinfo at vi trekkjer det fram i ljoset, diverre i eit heller seint ettermiddagsljos.
Det er Tone Merete Lillesvangstu, mogeleg NRK-medarbeidar ved NRK-Sogn og Fjordane, som fann fram til denne sensjonelle vêrhendinga i dag.

- Men ved NRK-Buskerud ...
Vêr og vind tykkjer synd i NRK-kollegane ved NRK-Buskerud som ikkje fann fram til nokon i Hemsedal som i morgontimane fredag kunne konstatere nær femti graders skilnad på temperaturene ute og inne. So vel kl. 04.00, 05.00 og 06.00 var det minus 27,6 grader utandørs ved den automatiske vêrstasjonen i Hemsedal. Med same innetemp'en som hjå han John i Veitastrond i Luster i Sogn, var det ein skilnad på 49 grader i Hemsedal.
- Det hadde vore noko å melda om fra NRK-Buskerud i dag, tykkjer vi.
- Eller at NRK-Finnmark ikkje meldte om 54 grader temperaturskilnad ute og inne på Couvddatmohkki, Karasjok kommune, onsdag i veka var.
Vi gratulerar yr.no-redaksjonen med dette oppslaget, men seier oss samstundes leie for at vi innlemmer dette stykkjet i vår verdskjende HALL OF SHAME.
- - -
Vi vonar at direktør Anton Eliassen ved Meteorologisk institutt, som er meteorologfagleg ansvarleg for stoffet på yr.no, korkje les nemnde oppslag på yr.no eller vårt her på Vêr og vind.
Copyright: Bernt Lie


Tilbake

Nyheter

VÅTT VÅTT VÅTT VESTPÅ: - Siste døgn fikk åtte vestland-steder mer enn hundre millimeter nedbør

Bærum, 19.11.20: Nettportalen eKlima hos Meteorologisk
institutt skal være i gang igjen. Vi lyktes ikke å komme inn
under vår leting etter de største nedbørmengdene i vest
siste døgn inntil i morges kl. 07.00. Klimaforsker Jostein
Mamen hjalp oss.

Les mer


EKLIMA-DATABASEN HOS METEOROLOGISKE ER NEDLAGT: - Hva gjør vi nå?

Bærum, 15.11.20: Vær og Vind oppdaget nå i formiddag at
Meteorologisk institutts datavarehus, eKlima for oss utenfor
Instituttet, er lagt ned pr 12.11.
For oss betyr det at vi ikke lenger har tilgang til data for å
fortsette aktiv nyhetsdekning!

Les mer


VARMEBLAFF I LONGYEAR I NATT: - Temp'en steg til 9,2*C mellom to og tre, som ga ny november-rekord!

Bærum, 12.11.20: Mens det meste av Longyearbyens
befolkning sov seg gjennom natten, viste termometerne i
instrumenthytta på Svalbard Lufthavn hele 9,2 grader i den
varmeste timen i natt. Det er, slik Vær og Vind ser det, ny
november-varmerekord!

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©