Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







Den nye ver-nettportalen "yr.no" lanserast offisielt i dag


19.09.07: Den 22. juni skreiv vi her på Vær og vind at den nye nettstaden "www.yr.no" skulle vera fullt operativ frå og med den 1. september. Etter innpå tre vekers utsetjing er den nye ver-portalen frå og med i dag offisiell og lanserast her og no.

Av værstatistikar Bernt Lie

Det beste ved den nye ver-nettstaden er dei detaljerte vervarsla for 700.000 stader i Noreg og om lag 7.000.000 stader over heile verda. Dei to samarbeidspartane som står attom "yr.no", er Norsk rikskringkasting (NRK) og Meteorologisk institutt (Met.no). Stadnamna her heime på berget er valde ut frå navneoversynet til Statens kartverk. Rimelegvis finn du ikkje hyttenamnet ditt viss det ikkje står på det lokale kartbladet ditt, men hytte- eller fjellområdet kan vera eit dugande søkje-ord.
Om heimeadressa kan relateras til til dømes ein bydel eller eit distrikt, kan det vera rett søkjeord for å henta fram lokalvervarselet ditt.

I betaversjon i tre månader
Samarbeidet mellom dei to statsinstitusjonane har soleis vorte utvikla til ein ny dimensjon, frå å berre handla om radio, seinare fjernsyn og no - offisielt frå og med i dag - og internett.
Vi her på denne private ver-nettstaden omtala "yr.no" alt den 22. juni, medan korkje NRK eller Met.no har arbeidt serleg med å promovera den nye nettstaden deira. Likevel kan dei to samarbeidspartane gle seg over at fleire enn 200.000 brukarar har dei siste vekene vore innom "yr.no" - eit sers stort og gledeleg resultat tykkjer og vi!
Den ansvarlege redaktøren for "yr.no" hjå Meteorologisk institutt strekar under at nettstaden ikkje inneheld fleire tenester enn i beta-versjonen, men at al tenester frå og med i dag verkar stabile og at feila undervegs som er vortne oppdaga, er utbetra.

Veret kringom i verda
I pressemeldinga som Met.no har lagd ut i føremiddag på deira nettsider, vert det opplyst at det til dømes blant dei sju millionane stader kringom i verda, mellom anna inneheldt så mange stader:

86.030 varsel for Sverike
14.027 varsel for Danmark
43.755 varsel for Finland
15.592 varsel for Island
32.260 varsel for Storbritannia
250.654 varsel for Russland, og
1.800.000 varsel for Sambandsstatane.

Varsela er baserte på data frå det europeiske vervarslingssenteret i Reading i Søraust-England, der Meteorologisk institutt er medeigar. Verdsveret vert ikkje gjeve så detaljert som veret i Noreg, Sverike og Danmark, men for kvar sjette time kjem ein ny prognose.

NRK og Met.no
I meir enn 70 år har Meteorologisk institutt og Norsk rikskringkasting i felleskap spreidd vervarsel i mer enn 70 år. Eit samarbeid med NRK om å levera ver og på internett, er difor ei naturleg utvikling av dette samarbeidet, meiner sjefredaktør Heidi Lippestad.
NRKs sin ansvarlege redaktør er Bjarne André Myklebost, mens det daglege ansvaret har redaktør Erik Bolstad, NRK.
Nettstaden "yr.no" har valt nynorsk som språkforma si.


Tilbake

Nyheter

ORANSJE FAREVARSEL OM STYRTREGN I VESTFOLD OG ØSTFOLD TORSDAG: - Da var skybruddet over Tjøme over for tre timer siden

Børum, 01.08.21: På Meteorologisk institutt nettside --
som Kommunikasjon er ansvarlig for -- ble det lagt ut
oransje farevarsel for styrtregn i Vestfold og Østfold kl.
11.50, samtidig med at de nye norgesrekordene for
korttidsnedbør var målt...

Les mer


REGNMÅLREN PÅ TJØME FIKK FULLTREFF AV SKYBRUDD TORSDAG MORGEN: - På halvannen time ble 13% mer enn månedsnormalen for juli fanget opp

Bærum, 30.07.21: Mens Vær og Vind opplevde danske
sommerregnbyger torsdag morgen, ble det fulltreff av det
lokale skybruddet over Tønsberg, Nøtterøy og Tjøme i den
offisielle måleren på 27420 TJØME. På litt over en time var
månedsnormalen nådd!

Les mer


NORDJYSK SKYBRUDD TRAFF IKKE DMIs REGNMÅLERE: - "Bare" 3,8 mm på ti minutter i byen Tylstrup

DK-Bredsten, 28.07.21: Det voldsomme skybruddet som
Vær og Vind passerte gjennom på E 39 i går ettermiddag,
traff ingen av DMI sine offisielle regnmålere. Vi har dagen
derpå gått gjennom hva de ulike stedene fikk, ifølge DMIs
nettsider.

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©