Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







VOSSEVARMEN: - Sumaren så langt har hatt heile ni tropedagar på Voss; ingen høgare


Mandal-Eigebrekk, 05.08.08: - Voss har vore varmaste staden i landet denne sommaren. Heile ni dagar har temperaturen passert 30 grader i skuggen ved målestasjonen i Prestegardsmoen, skriv bladet Hordaland i ein ingress på eit nyhendeoppslag i dag.

Bladet Hordaland, som kjem ut på Voss, skriv vidare at seinast fredag 1. august var Voss ein av to stader i landet som opplevde meir enn 30 grader, då det offisielle termometeret ved Idrottsplassen nådde 30,4 grader på det meste.
I heile landet var berre Stord Lufthamn betre, med 30,7 grader.
Desse er temperaturdata som skulle vera velkjende for nett-klikkarane til Vær og vind.

Sju dagar i strekk
- Men mest imponerande er perioden frå torsdag 24. juli til onsdag 30. juli. Då opplevde målestasjonen på Voss godt over 30 grader sju dagar i strekk. Noko liknande har ikkje skjedd i Noreg dei siste hundre åra, fortel konsulent Magnus Anglevik ved Meteorologisk institutt i Bergen til bladet Hordaland sin medarbeidar Rolf Tepstad.
Og Anglevik held fram:

- Ikkje serleg tropevarmestatistikk
- Me fører ikkje spesiell statistikk for nett dette. Men eg har studert alle tilgjengelege kjelder og finn berre ei måling som slår Voss nett her. Den kjem frå Oslo, i rekordåret 1901, der hovudstaden opplevde åtte dagar i strekk med meir enn 30 grader.
- Førre bestenoteringa for Voss skriv seg elles frå 1982, opplyser Anglevik. I overgangen juli-august var det då fem dagar på rad med meir enn 30 grader. Den gongen stod målestasjonen rett nok på Bø i Tjukkebygda.
Målestasjonen i Prestegardsmoen hadde elles sin første dag med over 30 grader alt tidleg i månaden (torsdag 3.7., red's merknad). Dermed er totalen no oppe i ni tropedagar, ein prestasjon så spesiell at han også vart nemnd på Dagsrevyen fredag.

- Anglevik tek feil
Det er diverre ikkje rett at Oslo berre hadde åtte dagar i strekk med meir enn 30 grader i juli 1901. Totalt opplevde hovudstaden i alt 19 tropedagar i juli for 107 år sidan. Ti dagar i trekk, frå og med 18. til og med 27. juli, var det kvar dag 30,0 grader eller endå varmare.
- Noregsrekorden, om ein kan nemna tilhøva på Nesbyen-Skoglund i Hallingdal kring
månadsskiftet juli-august 1982 som det, er tolv dagar (døger) med tropevarme, mælt av ekteparet Anna Marie og Olav P. Rukke soleis:

¤ 30,8 grader onsdag 28.7.
¤ 31,6 grader torsdag 29.7. (Olsokdagen)
¤ 31,5 grader fredag 30.7.
¤ 32,6 grader laurdag 31.7.
¤ 34,2 grader sundag 1.8.
¤ 34,5 grader måndag 2.8.
¤ 34,6 grader tysdag 3.8. (Nesbyen sin august-rekord!)
¤ 32,8 grader onsdag 4.8.
¤ 32,5 grader torsdag 5.8.
¤ 30,8 grader fredag 6.8.
¤ 31,4 grader laurdag 7.8.
¤ 30,4 grader sundag 8.8.

Me her på Vær og vind tykkjer det er noko merkjeleg at meteorologikonsulent Anglevik, som har studert alle tilgjengelege kjelder, som han seier til bladet Hordaland, ikkje har vori innom Meteorologisk institutt sitt eige klimaarkiv, nettstaden eKlima@met.no, og året 1982 og funne Nesbyen-Skoglund!

Ikkje åtte, men ti
Meteorologikonsulent Anglevik uttalar til oss at han har sete i Bergen og bladd opp i "Meteorologisk årbok for 1901". Den gongen vart ikkje maksimumstemperaturen trykt - i staden måtte ein ty til den høgste av målingane midt på dagen eller kvelden. Difor berre åtte i staden for det rette talet: Ti!
Fyrstekonsulent Stein Kristiansen ved Klimadivisjonen på Meteorologisk institutt på Blindern, har Oslo-protokollen frå det gamle Observatoriet tilgjengeleg. Han finn 10 dager (døger) i trekk, frå og med den 18. til og med 27. juli med tropevarme. Høgstenoteringa er 35,0 grader frå den 21.7.

Varmt og i Trondheim
Med same me er innom tropevarmen i juli månad i år, har Kristiansen tilgjengeleg og den gamle ver-protokollen frå Trondheim I (sentrum) og juli 1901. Der vart det åtte dagar (døger) på rekkje og rad, frå og med den 21. til og med 27. juli, med temperaturar på 30-talet.
Copyright: Bernt Lie




Tilbake

Nyheter

TRE TIDELER FRA JANUAR-NORGESREKORDEN: - Tafjord slo til med 18,7 grader natt til i går

Bærum, 30.01.24: - Fønvind i indre fjordstrøk på
Sunnmøre natt til mandag førte til at det i timen
mellom ti og elleve på kvelden i Tafjord ble logget ut
en maks.temp. på anseelige 18,7 grader, ser Vær og
Vind av data på seklima hos Meteorologiske

Les mer


TIDENES VARMESTE SEPTEMBERHELG: - Søndag toppet Sigdal-Nedre Eggedal sør i Buskerud med tangering av norgesrekorden på 28,6*C

Bærum, 12.09.23: I disse valgdager har Vær og
Vind helt oversett at NIBIO-klimastasjonen Sigdal-
Nedre Eggedal søndag nådde 28,6 grader i
maksimumstemperatur. Det er tangering av den
bare to år gamle norgesrekorden i septembervarme
fra Drammen!

Les mer


FREDAGSVARMEN I SUNNHORDLAND: - Etne bare tre tideler fra norgesrekorden i september

Mandal-Eigebrekk, 09.09.23: September har startet
rekordvarm både på Øst-, Sør- og Vestlandet. En
foreløpig topp kom i går, fredag, da den nye
klimastasjonen Etne II i Etne i Sunnhordland nådde
28,3*C i maks.temp. mens Stavanger endte på 27,5.

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©