Samarbeids- partnere:





|
SENSASJONELT: - 40 graders skilnad ute og inne fredag morgon, skriv yr.no i føremiddag
Bærum, 21.12.12: - I morgontimane fredag hadde Veitastrond heile 19,8 minusgrader, og hjå John Molland var det knappe 20,5 grader innandørs, melder "yr.no" i ett stort oppslag fredag. Som overskifta tyder på, var det ein skilnad på 40 grader nett der!
Det er Norsk rikskringkasting og Meteorologisk institutt sin vidfamnande vêr-portal, yr.no, som melder dette i eit illustrert oppslag fredag. Vêr og vind (som nettstaden vår difor heiter på yr.no sin normalspråkform) tykkjer at dette er sers verdefull og so høgst sensasjonell vêrinfo at vi trekkjer det fram i ljoset, diverre i eit heller seint ettermiddagsljos. Det er Tone Merete Lillesvangstu, mogeleg NRK-medarbeidar ved NRK-Sogn og Fjordane, som fann fram til denne sensjonelle vêrhendinga i dag.
- Men ved NRK-Buskerud ... Vêr og vind tykkjer synd i NRK-kollegane ved NRK-Buskerud som ikkje fann fram til nokon i Hemsedal som i morgontimane fredag kunne konstatere nær femti graders skilnad på temperaturene ute og inne. So vel kl. 04.00, 05.00 og 06.00 var det minus 27,6 grader utandørs ved den automatiske vêrstasjonen i Hemsedal. Med same innetemp'en som hjå han John i Veitastrond i Luster i Sogn, var det ein skilnad på 49 grader i Hemsedal. - Det hadde vore noko å melda om fra NRK-Buskerud i dag, tykkjer vi. - Eller at NRK-Finnmark ikkje meldte om 54 grader temperaturskilnad ute og inne på Couvddatmohkki, Karasjok kommune, onsdag i veka var. Vi gratulerar yr.no-redaksjonen med dette oppslaget, men seier oss samstundes leie for at vi innlemmer dette stykkjet i vår verdskjende HALL OF SHAME. - - - Vi vonar at direktør Anton Eliassen ved Meteorologisk institutt, som er meteorologfagleg ansvarleg for stoffet på yr.no, korkje les nemnde oppslag på yr.no eller vårt her på Vêr og vind. Copyright: Bernt Lie
Tilbake
|
 Nyheter
FEBRUARNEDBØREN I LOFOTEN: - Ny norgesrekord for ett døgns nedbør i februar på Kvitfossen i Vågan = 221,9 mm!
Bærum, 02.03.23: Klimatologisk månedsoversikt fra Meteorologisk institutt viser bl.a. at den nye norgesrekorden for ett døgns nedbør i februar økte til 221,9 mm på Kvitfossen i Vågan øst i Lofoten den 9.2. Tidligere norgesrekord var på 188,3 mm.
Les mer |
FØNVINDEN ØSTAFJELLS FREDAG KVELD I SIGDAL: - Tidenes nest største temperaturstigning på en klokketime
Bærum, 13.02.23: Vær og vind må gjøre en liten justering på en tidels grad i den temperaturstigningen vi skrev om i forgårs på klimastasjonen Sigdal-Nedre Eggedal. Den var på 18,6 grader og ikke 18,5. Det ble en 2.-plass og ikke ny norgesrekord!
Les mer |
FØNVIND ØSTAFJELLS: - Fredag kveld steg temperaturen på Sigdal-Nedre Eggedal med hele 18,5 grader på EN time!
Bærum, 11.02.23: Her i Vestre Bærum ble vi bråvekket et par minutter før to i natt av kraftig vind som hylte rundt hushjørnet. Da steg temperaturen -- som følge av den kraftige fønvinden -- på fem kvarter fra minus 3,9 grader til åtte plussgrader!
Les mer |
Nyhetsarkiv
|