Samarbeids- partnere:





|
RETTING: - Vêrstasjonen Midtstova ligg attmed Bergensbana millom Hallingskeid og Finsetunnelen sin vestende
Bærum, 24.12.12: - Det er nok ikkje rett at Midtstova ligg ved vegen mellom Ulvik og Granvin. Nei, Midtstova verstasjon er del av samarbeidsprosjektet mellom Jernbaneverket og Meteorologisk institutt og ligg attmed Bergensbana.
Det er Olav Arne Brekke på Vossevangen, som bur tett attmed den automatiske verstasjonen på Voss, som gjer merksam på dette i ein e-post til Vêr og vind i siste innspurten til joleftan. Det me finn på vêrpotalen "yr.no", er at stasjonsnummeret er 53530, namnet er Midstova, og stasjonen ligg 1162 m.o.h.
- VA oppklarer Ein telefon til Vêrvarslingsavdelinga på Meteorologisk institutt julefatans føremiddag klarar opp mykje: Midtstova ligg på 60,3942 grader nord og 7,1656 grader aust. Denne kartreferansen syner at Midtstova ligg midtveges mellom Hallingskeid stasjon og den gamle vaktarbustaden Fokstova attmed vestenden av Finsetunnelen. Moldådalen er retteleg vid nett her ved sida av Høghellervatnet, og i ei gløtte millom snøoverbygga skulle det vera morgeleg å sjå vêrstasjonen som var teken i bruk fra 1. desember siste året. Under dei høge Høghellerhøgdene i den vidopne dalen er det naturleg at austsøraustvinden, slik det var på laurdag og i går, tek godt i dalbotnen kring Låghellervatnet og Høghellervatnet fire hundre meter lægre enn høgstetoppen i Høghellerhøgdene. Vi ser fram til mykje ruskute vêrtilhøve austa Hallingskeid i vintrane som kjem og sier oss leie for at vi plasserte Midtstova på FV 572 millom Granvin og Ulvik. Men Ulvik kommune er rett kommune for Midtstova. - - - Med denne rettingsmeldinga seier Vêr og vind takk for alle innspel frå dykk vêrklikkarar i året som snart er til endes og ynskjer de alle saman ei gledeleg jolehøgtid og eit godt nytt vêrår i 2013. Helsing Bernt Lie.
Tilbake
|
 Nyheter
NORGESREKORDEN I MARS-VARME TI ÅR I DAG: - 23,1*C på Grimstad-Landvik i timene kl. 15.00 -- 16.00 og igjen 16.00 -- 17.00 den 27.3.2012
Mandal-Eigebrekk, 27.03.22: I ettermiddag er det på dagen og timen ti år siden NIBIO-klimastasjonen Landvik v/Grimstad logget ut 23,1 grader, som dermed ble den nye varmerekorden i mars-varme som har stått siden. Dagen før var det 21,5*C...
Les mer |
SOMMERTID FRA KL. 03.00 CEST I NATT: - Da er alle klokker i Europa stilt EN TIME FRAM
Mandal-Eigebrekk, 27.03.22: For 43. gang på rad ble det innført sommertid i Europa. Presis kl. 02.00 ble alle klokker automatisk stilt én time FRAM. De tre hovedobservasjonstidene for all værtjeneste ble plutselig kl. 08.00, 14.00 og 20.00 CEST...
Les mer |
SOMMERÅPNING UNDER REKORDHØYTRYKK: - Snøklokker, krokus, danske fioler og norske påskeliljer møtte oss...
Mandal-Eigebrekk, 20.03.22: Deilig å slippe fra isholkede turveier i Bærum og å komme ned til våren på Sørlandet. Her på matrikkelen, som grenser til Skagerrak, har snøklokker og krokus, danske fioler og norske påskeliljer slått ut i full blomst!
Les mer |
Nyhetsarkiv
|