Samarbeids- partnere:





|
«YR.NO»FREDAG: - Slik vert vêret i fellesferien
Mandal-Eigebrekk, 08.07.18: Meir enn to døger etter at nettportalen «yr.no» gjorde kjent vêrprognosa for fellesferien, lyt ein rekne med at journalist og statsmeteorolog er samde i at saka er rett attgjeven. Difor kjem Vær og vind sin kommentar no
_________________________
Vêrkommentar: Bernt Lie _________________________
Av di den opphavlege vêr-saka er skriven på nynorsk, gjer Vêr og vind det som er rett i ein slik samanhang: Vi gjev att og skriv vår eigen kommentar på denne for oss ikkje heilt vande skriftforma. Det er NRK-journalist Bente Kristian Rundereim Kjøllesdal som har prata ved statsmeteorolog Magnus Ovhed, som me trur er vêrvarslingsmeteorolog i Tromsø ved Vêrvarslinga for Nord-Norge. Nett dette går diverre ikkje fram i saka.
-Dra til Buskerud! - Om dei to siste månadane er ein indikasjon på korleis vêret vert framover, så bør vi alle pakke badebuksa og reise til Buskerud, heiter det i ingressen (innleiiinga) til oppslaget SLIK VERT VÊRET I FELLESFERIEN! Kor i Buskerud vi skulle reisa, er ikkje nemnt med eit einaste ord!
- Fellesferien er strategisk plassert, historisk er nemleg vêret best frå veke 28—29 og utover. Men med den hetebølgja landet hadde i mai, er ikkje det nødvendigvis tilfelle i år, melder nettportalen "yr.no"; for oss er det noko uvisst om det er tromsømeteorologen eller NRK- medarbeidaren som meiner det.
- Det er ikkje godt nytt til dei som vil ha regn på Austlandet, og heller ikke til dei som vil ha sol og varme på kysten heilt frå Vestlandet til Finnmark, seier statsmeteorolog Magnus Oved, truleg ved Vêrvarslinga for Nord-Noreg, Tromsø.
- Sørlandet og Austlandet Rimelegvis er det Sørlandet og Austlandets sitt fellesferievêr som Vêr og vind er mest opptekne tå nett no ved starten på fellesferien. - Om ein er ute etter sol og varme, så er Austlandet framleis staden å vere! I mai var vêret i sør så flott at det nærmast kokte i sjøen – så varmt hadde vatnet knapt vore på hundre år. Nokre plassar var det også i juni varmare i vatnet enn på land. Og sydentilstanden skal halde fram, med unntak av nokre små byer på måndag. (NB: Vatnet var like varmt sist august. Men for mai månad var det rekord! Red’s merknad.)
- Både på Sørlandet og Austlandet ligg det an til at det vert lite eller ingen nedbør, og varmare enn normalt for månaden. På Austlandet ganske mykje over det normale, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed. Han strekar difor under at det er viktig å vere ekstra merksam på den høge skogbrannfaren, og framleis vere medviten om vassforbruket.
- Om det held fram som no, så kan ein ikkje utelukke nye varmerekordar, men det skal jo litt til, vert det serskilt streka under. Med det slutter saka.
- Spørsmål våre - Kva tyder «ganske mykje over det normale? Og kva for varmerekordar ventar statsmeteorolog Ovhed seg? Vêr og vind berre spør – og ventar seg svar, helst heller snøgt og ikkje når fellesferien er over sundag 29. juli (Olsokdagen).
Tilbake
|
 Nyheter
DEN ANDRE TROPENATTEN I ÅR: - Bare på Namsskogan i gamle Nord-Trøndelag fylke holdt natten seg over 20,0 grader
Mandal-Eigebrekk, 28.06.22: Det var ikke den helt store oversikt over tropenattobservasjoner som klimaforsker Jostein Mamen kunne supplere Vær og Vind med på en tirsdags morgen. Ett eneste sted i Midt-Nporge var det hele. Hammerfest var 0,1 unna!
Les mer |
SOMMERENS FØRSTE TROPENATT: - På Lurøy på Helgeland gikk ikke nattetemperaturen under 22,1*C
Mandal-Eigebrekk, 27.06.22: (NY!) Sommerens, og dermed årets, første tropenatt inntraff i natt, på den fjerde siste junidatoen. Klimaforsker Jostein Mamen ved Obsklim-divisjonen på Meteorologisk institutt bekrefter overfor Vær og Vind dette.
Les mer |
SOMMERENS FØRSTE TROPEDAG: - Voss varmest i landet med 30,5*C i maksimum på Vangen; to andre steder hadde over 30
Mandal-Eigebrekk, 24.06.22: I NRK-Dagsrevyens værmelding like før kl. 19.30 i kveld kunne statsmeteorolog Siri Wiberg fortelle at Voss-Vossevangen hadde vært varmest i landet i dag, lørdag, med 30,5*C, som dermed er sommerhalvårets hittil høyeste!
Les mer |
Nyhetsarkiv
|