Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







FRUSTRERT VÆRKLIKKER TIL VÆR OG VIND: - Om værrekorder og ikke godkjente stasjoner


Mandal-Eigebrekk, 03.08.18: En av Vær og vinds
trofaste værklikkere på Voss har i går kveld sendt oss
dette hjertesukket på e-post. Olav Arne Brekke er en av
de 60.088 besøkende på dette nettstedet i
juli-måneden.
Vi deler hans synspunkter!


"Ja, då er tabellane i Klimatologisk månedsoversikt
klare. Og med alt som har skjedd i det siste, er det like
før eg sluttar å fylgje med på veret.

For å byrje med at Rygge og Torød (Rygge-Huggenes og
Nøtterøy-Torød; red's merknad!) sine fylkesrekordar
ikkje er godkjende. Under den store tabellen står
"Stasjoner med ny juli-rekord for
maksimumstemperatur." Der står Rygge 33,9 oppført
som stasjonsrekord, men ikkje som fylkesrekord. Torød
står berre oppført med nedbørdata i den store tabellen.
Men Sande-Galleberg har sjølv forbetra sin fylkesrekord
til 33,5.

"...verdiene som sådan ikke er forkastet. Men de er
forkastet som rekorder." Kva i alle dagar meiner ho med
det?

Så stod det ei sak på yr:
https://www.yr.no/artikkel/tangerte-tidenes-varmaste-
juli-1.14133757 .
Der blir det sagt:
"Den målaren som har fått køyrt seg kraftigast, er
Gulsvik i Flå i Buskerud. Der er det målt 31 tropdedagar
til no i 2018. 20 av tropedagene kom i juli. Men, det er
eit stort, men: Det har vore utført anleggsarbeid ved
målaren med påfylling av grus som gjer at målingane
ikkje er godkjente."
Er det tilfelle at dei ikkje er godkjende? Gulsvik står i
tabellen med alle verdiar utan stjerner. Eller er det
journalisten som har vore for rask i konklusjonen? Eg
trudde forholda blei retta opp i Gulsvik.

Så er det Vossevangen og Evanger. Vossevangen står i
tabellen med middeltemperatur og nedbør, Evanger
berre med nedbør. Som du var inne på, burde vel alle
temperaturdata frå Evanger vore strokne sidan
stasjonen vart oppretta. Mens Vossevangen var OK til
anleggsarbeidet i fjor haust. Dei timevise utloggingane
frå den 27. juli viser at det var 34,3 på Vossevangen
fredag 27. juli kl 18:00. Då kan det fort ha vore
maksimum opp til 0,5 grader over og altså varmare enn
Åndalsnes dagen etter. Men det hjelper lite å spekulere,
sidan det ikkje blir godkjent uansett. Det skal seiast at
den svarte asfalten no er dekt av eit raudt tartandekke
som nok ikkje avgir like mykje varme som asfalt.
Dermed var nok reell temperatur nær rekord, i alle fall.

Det ser ikkje ut til at dei veit kva som skal gjerast med
stasjonen. Det plenstykket som er igjen, er for lite, og
eigna område i nærleiken er visst vanskeleg å finne. Så
eg er redd for at Voss, ein av dei absolutt varmaste
plassane på Vestlandet (og kaldaste i låglandet om
vinteren), blir ståande utan målestasjon.
Bulken er den nærmaste, men den stasjonen ligg 328
m.o.h., og ikkje nede ved vatnet og jernbanen, og er
ikkje representativ for Vossevangen.

Så lurer eg på kva som har skjedd med Bingsa og
Brusdalsvatnet II målestasjonar. Dei hadde uvanleg
høge målingar, men Bingsa står ikkje i det hele teke i
tabellen. Brusdalsvatnet II står berre med luftfukt. Blei
dei kanskje underkjent p.g.a. ting som ikkje var som dei
skulle?

Andre tvilsame er/var: Røyken-Skogsborg, Busnes,
Åseral, og Gardermoen PLU.

Alle desse tvilsame tinga gjer at eg ikkje stolar på at
andre stasjonar er korrekte heller. For eksempel Etne og
for den del Åndalsnes-Kamshaugen. Er Åndalsnes i
samarbeid med BaneNOR, så er det i alle fall tvilsamt.
- - -
I ettertid har eg forresten sett at Åndalsnes-
Kamshaugen og Notodden Flyplass ikkje står med fulle
data i tabellen heller. Kvifor det, skal tru? legg O. A.
Brekke i en e-post fra i middags kl. 12.27 i dag.
Med frustrert helsing
Olav Arne Brekke
Voss."
- - -
Vær og vind deler fullt ut O. A. Brekke sine synspunkter.
Copyright: Bernt Lie



Tilbake

Nyheter

FEBRUARNEDBØREN I LOFOTEN: - Ny norgesrekord for ett døgns nedbør i februar på Kvitfossen i Vågan = 221,9 mm!

Bærum, 02.03.23: Klimatologisk månedsoversikt fra
Meteorologisk institutt viser bl.a. at den nye
norgesrekorden for ett døgns nedbør i februar økte til
221,9 mm på Kvitfossen i Vågan øst i Lofoten den 9.2.
Tidligere norgesrekord var på 188,3 mm.

Les mer


FØNVINDEN ØSTAFJELLS FREDAG KVELD I SIGDAL: - Tidenes nest største temperaturstigning på en klokketime

Bærum, 13.02.23: Vær og vind må gjøre en liten justering
på en tidels grad i den temperaturstigningen vi skrev om i
forgårs på klimastasjonen Sigdal-Nedre Eggedal. Den var
på 18,6 grader og ikke 18,5.
Det ble en 2.-plass og ikke ny norgesrekord!

Les mer


FØNVIND ØSTAFJELLS: - Fredag kveld steg temperaturen på Sigdal-Nedre Eggedal med hele 18,5 grader på EN time!

Bærum, 11.02.23: Her i Vestre Bærum ble vi bråvekket et
par minutter før to i natt av kraftig vind som hylte rundt
hushjørnet. Da steg temperaturen -- som følge av den
kraftige fønvinden -- på fem kvarter fra minus 3,9 grader
til åtte plussgrader!

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©